Ekspertane meiner at drapstiltalt 18-åring kan dømmast til fengsel eller forvaring

SAKKUNNIGE: Psykiater Tor Ketil Larsen (t.v.) og psykolog Dan Tungland i vitneboksen. I bakgrunnen ser me bistandsadvokat Harald Øglænd, politietterforskar Therese Stenlund og aktor Nina Grande.

SAKKUNNIGE: Psykiater Tor Ketil Larsen (t.v.) og psykolog Dan Tungland i vitneboksen. I bakgrunnen ser me bistandsadvokat Harald Øglænd, politietterforskar Therese Stenlund og aktor Nina Grande. Foto:

Dei sakkunnige i retten meiner at psykosen på drapstidspunktet var rusutløyst.

DEL

Måndag morgon starta den åttande dagen i retten etter Varhaug-drapet. Ein 18 år gammal mann er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13) natt til 30. juli i fjor.

Anders Hartwig, overlege innan sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen, tok plass i vitneboksen då retten vart sett klokka 09.00. Tiltalte var innlagd seks veker til observasjon på Sandviken sjukehus i Bergen hausten 2018, og Hartwig informerte om denne perioden.

Overlegen observerte 18-åringen saman med mellom anna ein annan psykiater. I tillegg var åtte sjukepleiarar/vernepleiarar med i teamet. I utgangspunktet var det snakk om observasjon i fem veker, men etter tre veker bad ekspertane om ei veke ekstra.

– Ikkje psykose utan rus

Den 18 år gamle mannen erkjenner å ha drepe Sunniva Ødegård, men nektar straffskuld fordi han meiner han var psykotisk. Aktoratet meiner psykosen var sjølvpåført gjennom rus, og at den unge mannen dermed kan dømmast til fengselsstraff eller forvaring.

Om retten konkluderer med at psykosen ikkje var sjølvpåført, er alternativet tvungent psykiatrisk helsevern.

Hartwig understreka at teamet i Bergen brukte mykje tid på denne tematikken, og at dei ikkje fann nokon haldepunkt for at 18-åringen har primærpsykose – altså psykose som i utgangspunktet ikkje skuldast rusbruk – i perioden 3. oktober til 13. november.

– Då me klarte å halda tiltalte rusfri, forsvann dei psykotiske trekka, understreka han.

Såg for seg nokre få år i fengsel

Forsvararen, advokat Tor Inge Borgersen, lurte så på om overlegen kunne seia om psykosen på drapstidspunktet var rusutløyst eller ikkje.

– Me har ikkje konkludert diagnostisk om diagnosen på gjerningstidspunktet, men har fleire hypotesar, poengterte Hartwig.

På spørsmål frå psykiater Tor Ketil Larsen, ein av dei sakkunnige i retten, sa Hartwig likevel at han trur psykosen på drapstidspunktet må ha vore rusutløyst.

Bistandsadvokat Harald Øglænd lurte på om overlegen hadde snakka med tiltalte om kjensler knytt til drapet. Då kunne Hartwig opplysa om at drapsmannen såg for seg at han ville trivast i fengsel, og at det var uproblematisk å ha drepe eit anna menneske.

18-åringen forstod ikkje kvifor det skulle bli så mykje styr rund dette. Han såg òg for seg ein dom på nokre få år, og at han deretter kunne flytta heim til Varhaug.

Utagerte på grunn av stress

Så forklarte dei rettsoppnemnde sakkunnige, psykiater Tor Ketil Larsen og psykolog Dan Tungland, seg. Larsen, som er professor i psykiatri, har mellom anna forska på rusutløyste psykosar.

– I det store og heile har eg inntrykk av at han følger godt med, sa Larsen om 18-åringen, som har blitt observert av dei sakkunnige kvar dag i retten. Dei har ikkje sett nokon teikn til psykose under rettssaka.

Psykiateren var òg tidleg inne i situasjonen då tiltalte utagerte på bakrommet måndag 27. mai og kasta eit oskebeger i veggen. Larsen forklarte at dette ikkje handla om psykose, men at grunnen truleg var emosjonelt stress sidan mora til Sunniva Ødegård og mor til tiltalte skulle forklara seg i retten.

– Det som blir tema i denne saka, og mange liknande saker, er samanhengen mellom rus og psykose, understreka Larsen.

Han poengterte så at det er mogleg å først ha ein rusutløyst psykose først og så få primærpsykose etterpå, men ikkje i motsett rekkefølge. I så fall blir det sett på som eit tilbakefall av primærpsykosen, sjølv om det er rus inne i bildet.

– Psykosen var truleg rusutløyst

Larsen og Tungland har hatt fleire samtalar med tiltalte i løpet av det siste året.

– Vanlegvis i slike observasjonar snakkar me med observandar to gonger. I denne har kvar av oss snakka med han fem gonger. Det har vore ei vanskeleg sak, sa Larsen i retten.

Likevel er dei to ekspertane samstemde i konklusjonen sin. Dei meiner at det i denne saka mest sannsynleg er snakk om rusutløyst psykose, og at 18-åringen seinare har fått ein primærpsykose i form av schizofreni.

– Dei tinga som kjem fram i retten tilseier ikkje noko endring. Dette samsvarer godt med det me har komme fram til, opplyste psykiateren.

Ikkje psykotisk i avhøyr

Larsen har sett gjennom alle avhøyra av 18-åringen. Han har ikkje sett nokon teikn til at den drapstiltalte tenåringen har vore psykotisk i avhøyrssituasjonar. Då psykiateren snakka med tiltalte i fengselet berre to dagar etter drapet, fekk han derimot utslag på fleire psykosesymptom. Mellom anna hadde han opplevd at andre personar kunne lesa tankane hans.

Det har tidlegare kome fram at drapsmannen, som då var 17 år gammal, var rusa på hasj, MDMA og alkohol då han kom til politiet.

Ved hjelp av fleire blodprøver, urinprøver og hårprøver har Folkehelseinstituttet (FHI) slått fast at tiltalte røykte hasj jamleg i fleire månader før drapet, og at inntaket av cannabis var stort like før drapskvelden. Prøvene indikerer dagleg bruk den siste tida før 30. juli.

– Av dei aktuelle stoffa i denne saka, er intensiv bruk av THC det med mest potensial for å utløysa psykose, konkluderte ruseksperten frå FHI i Jæren tingrett. THC er det viktigaste verkestoffet i cannabis/hasj.

18-åringen har tidlegare forklart at han tidvis har høyrt stemmer. Han har mellom anna sagt at den døde DJ-en Avicii har lagt igjen musikk i hovudet hans, og styrer tankane hans frå himmelen.

Ifølge Tor Ketil Larsen er stemmene i hovudet diffust beskrivne.

– Etter mi meining ligg desse under grensa for psykose, meiner psykiateren.

Allereie i november konkluderte han med at 18-åringen ikkje hadde primærpsykose, sjølv om tiltalte har hatt nokre såkalla «grensepsykotiske trekk». Den drapstiltalte tenåringen har i seinare tid fått diagnosen paranoid schizofreni, og han er for tida innlagd på psykiatrisk avdeling ved Stavanger universitetssjukehus.

– IQ på rundt 80

Etter lunsjpausen måndag tok psykolog Dan Tungland ordet.

– Det han har fortalt til meg, er omtrent det same som til Larsen, sa Tungland om samtalane med den 18 år gamle mannen frå Varhaug.

Tungland har òg vurdert det som at tiltalte var psykotisk i perioden fram til drapet og på drapstidspunktet, men at psykosen avtok etter kvart som narkotikarusen gjekk ut av kroppen til 18-åringen.

Psykologen fortalde så at PPT i Hå kommune testa tiltalte i 2014. Då kom dei fram til at han hadde IQ på 70-75, noko som ligg ned mot grensa mot lettare psykisk utviklingshemming.

– Eg vil konkludera med ein IQ på rundt 80, opplyste Tungland i retten.

Samtidig peika han på at den unge håbuen ser ut til å ha fungert betre i dagleglivet enn evnetestane skulle tilseia.

Usikker prognose for framtidig vald

Tungland meiner det er veldig vanskeleg å vurdera framtidig valdsrisiko i denne saka. Rusbruk kan likevel truleg auka risikoen for ny valdsbruk i framtida, sjølv om 18-åringen ikkje har nokon historikk med valdsepisodar.

– Om han rusar seg eller er sosialt isolert, eller ein av delane, er sjansane større for at han vil utføra vald, sa psykologen.

Han meiner det er viktig at 18-åringen held seg rusfri i framtida, at han har ein organisert kvardag og får tilbod om behandling.

Tidlegare i vår begynte tiltalte på antipsykotika, etter eige ønske. Etter ei stund slutta han på dette, utan å orientera legane. Dommar Gunn Elin Lode lurte på kva dette eventuelt kan seia om framtidig valdsrisiko.

– Dette kan tyda på at han ikkje har tilstrekkeleg innsikt. Om du sluttar å ta medisinen, avspeglar det avgrensa innsikt i behovet for behandling, og aukar risikoen for meir vald i framtida, svarte Tungland.

Ikkje mykje tvil

Den andre rettsoppnemnde sakkunnige, psykiater Tor Ketil Larsen, las så opp konklusjonen:

– Slik me ser det, hadde han ein rusutløst psykose.

Larsen understreka at det ikkje går an å vera skråsikker i ei slik sak.

– Men me klarer ikkje å sjå så mykje tvil at me klarer å gjera ein annan konklusjon.

Det er dommaren og meddommarene i retten som til sjuande og sist avgjer om tiltalte skal dømmast som tilrekneleg eller ikkje. Tysdag blir det avsluttande prosedyrar, der aktor, forsvarar og bistandsavokat oppsummerer saka. Dei går mellom anna gjennom korleis dei meiner bevisa bør bli forstått og kva utfall saka bør få. Tiltalte har rett til å koma med ein sluttkommentar om han ønsker det, før dommaren og dei to meddommarane trekker seg tilbake for å avgjera utfallet av rettssaka. Desse diskusjonane er konfidensielle.

Artikkeltags