Tiltalt 18-åring nektar straffskuld

I RETTEN: Tor Inge Borgersen (t.h.) og Aleksander Barkved Steinsvåg er forsvararane til 18-åringen.

I RETTEN: Tor Inge Borgersen (t.h.) og Aleksander Barkved Steinsvåg er forsvararane til 18-åringen. Foto:

18-åringen erkjenner å ha drept Sunniva Ødegård, men nektar straffskuld fordi han meiner han var psykotisk.

DEL

Onsdag 15. mai starta rettssaka etter Varhaug-drapet. Tiltalte, ein 18 år gammal mann frå Varhaug, blei eskortert inn i retten av seks politibetjentar og arrestforvararar.

På spørsmål frå dommar Gunn Elin Lode erkjenner 18-åringen å ha drepe Sunniva Ødegård (13), men meiner han ikkje var tilrekneleg.

18-åringen er òg tiltalt for likskjending og falsk anklage, sidan han har sagt til politiet at ein namngitt person prøvde å tenna på liket, og at han sjølv berre var med på dette.

– Politiet har etterforska denne påstanden, og me meiner at denne personen ikkje var på Varhaug på dette tidspunktet, sa aktor Nina Grande i sitt innleiingsføredrag.

Ueinige om psykose

Ut frå bevisa i saka, meiner påtalemyndigheita at dei veit ganske nøyaktig når den 13 år gamle jenta blei angripen av sambygdingen. Aktor viste òg kart og flyfoto frå Varhaug, og understreka at Sunniva vart funnen berre fem hus bortom heimen sin.

Ifølge Tor Inge Borgersen, som er forsvararen til 18-åringen, meiner dei at den tiltalte var psykotisk drapsnatta. Dermed kan han ikkje straffast.

Aktoratet meiner psykosen var sjølvpåført gjennom rus, og at den unge mannen dermed kan dømmast til fengselsstraff eller forvaring. Dette temaet vil både aktor og forsvarar koma tilbake til i løpet av rettssaka.

FORKLARING: 18-åringen frå Varhaug skal forklara seg i Jæren tingrett både onsdag og torsdag.

FORKLARING: 18-åringen frå Varhaug skal forklara seg i Jæren tingrett både onsdag og torsdag. Foto:

Gjekk ut for å drepa

I starten på forklaringa si fortalde 18-åringen at han sat heime og såg film.

– Etter det stakk eg ut, og eg fekk berre for meg at eg skulle drepa nokon. Så trefte eg tilfeldigvis på Sunniva. Eg møtte ho ved gangstien, sa han.

18-åringen slo Sunniva fleire gongar med ein hammar og plasserte jenta i ei steintrapp.

– Etter det gjekk eg heim, såg litt film og høyrte på musikk. Så gjekk eg ned seinare, for eg følte at det ikkje var ein fin plass å ligga. Så flytta eg ho opp til grusstien.

Då Sunniva var flytta opp til grusstien, gjekk han heim.

– Så såg eg på film og høyrde på musikk. Men eg vart veldig trist òg, og begynte å grina på grunn av det eg hadde gjort.

Neste dag vart 18-åringen køyrd til lensmannskontoret på Bryne. Faren oppdaga klede med blod på, og trudde ikkje på forklaringa om at ungguten hadde slost med ein kamerat.

På dette tidspunktet var det slått drapsalarm, og Varhaug-drapet var toppsak i nettaviser over heile Noreg.

18-åringen skal forklara seg vidare i løpet av onsdag og torsdag.

Artikkeltags