Aktor ber om tolv års forvaring for Varhaug-drapet

JÆREN TINGRETT: Aktor, statsadvokat Nina Grande, meiner at ei tidsbestemt straff ikkje er tilstrekkeleg for den drapstiltalte 18-åringen frå Varhaug.

JÆREN TINGRETT: Aktor, statsadvokat Nina Grande, meiner at ei tidsbestemt straff ikkje er tilstrekkeleg for den drapstiltalte 18-åringen frå Varhaug. Foto:

Statsadvokat Nina Grande meiner det er stor risiko for gjentaking.

DEL

Tysdag morgon starta den niande og siste dagen i rettssaka etter Varhaug-drapet. Ein 18 år gammal mann frå Varhaug er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13) natt til 30. juli i fjor.

– Me veit at han ikkje alltid fortel sanninga. Han fortel det som passar han å fortelja. Nokre gonger er det sanninga, andre gonger er det ei historie som han har dikta opp, understreka aktor i sin avsluttande prosedyre.

Statsadvokat Nina Grande viste òg til at tiltalte fleire gonger har gitt ein versjon om drapsnatta til politiet og ein heilt annan versjon til helsepersonell.

Ifølge Grande er det ikkje tvil om at 18-åringen stod bak brannen på Varhaug ungdomsskule natt til 7. juli og at han knuste eit vindauge i Trekløveren barnehage søndag 29. juli.

18-åringen er også tiltalt for falsk anklage, sidan han har forklart at ein annan person skulle hjelpa han med å fjerna liket. Politiet har ikkje funne nokon spor etter denne mannen på staden, og Grande har i løpet av rettssaka presentert fleire bevis for at denne historia berre er oppspinn.

– Ei kontrollert handling

Det mest alvorlege tiltalepunktet er sjølve drapet. 18-åringen har tilstått, men nektar straffskuld fordi han meiner han var psykotisk og ikkje tilrekneleg.

Aktor trur på mesteparten av forklaringa til tiltalte om kva som skjedde drapskvelden, men meiner at han òg prøvde å tenna på liket – utan hjelp frå nokon andre. Ho trur heller ikkje at Sunniva Ødegård var eit heilt tilfeldig offer. Grande meiner at han hadde planlagt å drepa ein person som var yngre enn seg sjølv, og aller helst ei jente.

Tiltalte har forklart at han drap for å koma seg vekk frå faren – som skulle ha vore valdeleg mot han. Politiet har ikkje funne nokon spor av vald i heimen. I staden meiner aktor at drapet kan ha vore seksuelt motivert eller eit reint lystdrap.

Uansett motiv meiner ho at det er stor risiko for gjentaking.

– Dette var eit overlagt drap. Handlinga var kontrollert, understreka statsadvokaten, som òg minna om at drapsofferet var 13 år gammal og ikkje hadde moglegheit til å forsvara seg.

Vil ikkje gi mykje strafferabatt

Nina Grande meiner forholda rundt denne saka er «særdeles skjerpande», og meiner riktig straff om drapsmannen hadde vore over 18 år på gjerningstidspunktet hadde vore 19 års fengsel. Sidan han var 17 år då drapet skjedde, er maksimumsstraffa 15 års fengsel.

– I denne straffa meiner eg straffa bør ligga på mellom 12 og 13 års fengsel, sa statsadvokaten.

Ho viste mellom anna til at sjølv om tiltalte har tilstått sjølve drapet, er det mange detaljar rundt hendinga som han ikkje har bidratt til å oppklara. Dermed ser ho ikkje nokon grunn til å gi spesielt mykje i tilståingsrabatt.

Elles refererte aktor til dei rettsutnemnde sakkunnige som meiner psykosen på drapstidspunktet var rusutløyst. Dermed meiner ho at 18-åringen var strafferettsleg tilrekneleg.

– Dei sakkunnige er ikkje i tvil, påpeika Grande.

Mesteparten av dagen i retten måndag gjekk med til forklaringane til psykiater Tor Ketil Larsen og psykolog Dan Tungland.

– Slik me ser det, hadde han ein rusutløyst psykose, sa Larsen då han las opp konklusjonen til dei to ekspertane.

Anbefaler forvaring

Etter straffelova skal det «helt ekstraordinære omstendigheter» til for å dømma barn til forvaring. Sidan tiltalte i denne saka var under 18 år på drapstidspunktet, blir han rekna som eit barn i rettsleg samanheng.

Hittil er det berre to norske tenåringar under 18 år som har blitt dømde til forvaring, altså straff som kan medføra det som tilsvarer «livsvarig fengsel» i andre land. Ein forvaringsdom kan forlengast med inntil fem år av gangen etter utløpet av den fastsette tidsramma.

– Me veit at han i fleire år har vore opptatt av vald og tortur. Og han har sagt at å drepa eit barn var ikkje meir alvorleg enn å køyra bil utan førarkort, sa aktor om den drapstiltalte 18-åringen frå Varhaug.

– Sjølve handlinga han har begått er ganske ekstrem, så sjølv om det ikkje er ein lang historikk her, viser det kva han kan gjera.

Grande viste òg til at fleire oppfatta tenåringen som heilt normal både før og etter drapet. Ho meiner at ei tidsbestemt straff ikkje er tilstrekkeleg for å verna samfunnet mot han.

Aktor anbefaler at retten dømmer 18-åringen til forvaring i 12 år, med ei minstetid på 8 år.


Artikkeltags