Aktor om Varhaug-drapet: - Det er vår oppgåve å forhindra at slike ting skjer igjen

SKAL PROSEDERA TYSDAG: Statsadvokat Nina Grande (t.h.) er aktor i drapssaka. Her saman med politietterforskar Therese Stenlund, som er med i retten som medhjelpar for Grande.

SKAL PROSEDERA TYSDAG: Statsadvokat Nina Grande (t.h.) er aktor i drapssaka. Her saman med politietterforskar Therese Stenlund, som er med i retten som medhjelpar for Grande. Foto:

Spørsmålet om drapsmannen var tilrekneleg eller ikkje er heilt sentralt i Jæren tingrett.

DEL

Ein 18 år gammal mann frå Varhaug erkjenner å ha drepe Sunniva Ødegård, men nektar straffskuld fordi han meiner han var psykotisk.

Mesteparten av dagen i retten måndag gjekk med til forklaringane frå dei rettsutnemnde sakkunnige, psykiater Tor Ketil Larsen og psykolog Dan Tungland.

– Slik me ser det, hadde han ein rusutløyst psykose, sa Larsen då han las opp konklusjonen.

Psykiateren understreka at det ikkje går an å vera skråsikker i ei slik sak.

– Men me klarer ikkje å sjå så mykje tvil at me klarer å gjera ein annan konklusjon.

Kan ha fått psykose på grunn av rettssaka

Dei to ekspertane meiner at det i denne saka mest sannsynleg er snakk om rusutløyst psykose, altså at han var strafferettsleg tilrekneleg på drapstidspunktet, og at 18-åringen seinare har fått ein primærpsykose i form av schizofreni. Den drapstiltalte tenåringen har denne våren fått diagnosen paranoid schizofreni, og han er for tida innlagd på psykiatrisk avdeling ved Stavanger universitetssjukehus.

Mot slutten av dagen måndag fortalde Larsen at det er vanleg at stress utløyser psykosar. Han ser ikkje vekk frå at tiltalte kan ha fått ein psykose fordi tidspunktet for rettssaka nærma seg, og fortalde at 18-åringen var psykotisk då dei observerte han i april.

– Kan ein psykose ha blitt utløyst av stress òg før drapshandlinga, spurde tingrettsdommar Gunn Helen Lode.

– Eg tenker at den psykosen som var på handlingstidspunktet var rusutløyst fordi den gjekk over då han vart rusfri, sa Larsen.

Tungland supplerte med å minna om at rusutløyst psykose kan vera ein risikofaktor for fleire psykosar seinare i livet. At det gjekk fleire månader i vinter utan psykose, gjer psykologen og psykiateren meir sikre på sine konklusjonar.

Bekymra for framtidig valdsutøving

Aktor, statsadvokat Nina Grande, understreka at ho er opptatt av samfunnsvernet.

– Han vart oppfatta som heilt normal av faren og vennane sine dagen før drapet skjedde. Korleis skal ein då vita om han er farleg eller ikkje? spurde Grande.

– Dei viktigaste faktorane for ny valdsutøving er tidlegare valdsutøving. Eg legg merke til at han ikkje klarer å forklara handlinga. Det har me skrive i erklæringa. Dette bekymrar oss. Absolutt, sa Larsen.

Tor Inge Borgersen er forsvararen til 18-åringen. Han stilte fleire spørsmål rundt diagnosen paranoid schizofreni, som tiltalte har fått nå i vår.

– Psykosen har mest sannsynleg oppstått i mars/april, og ikkje i fjor sommar, sa Tor Ketil Larsen.

– Kan det ha vore både ein eigentleg psykose og rusutløyst psykose på drapstidspunktet? spurde Borgersen.

– Nei. Ikkje slik omgrepa er definerte, sa Larsen.

Tvil kan føra til sjukehus i staden for fengsel

Det er dommaren og dei to meddommarane i retten som til sjuande og sist avgjer om tiltalte skal dømmast som tilrekneleg eller ikkje.

Om dommarane er i tvil om tiltalte kan ha vore i ein primærpsykose då drapet skjedde, skal denne tvilen koma tiltalte til gode. I så fall blir det truleg snakk om tvungent psykiatrisk helsevern i staden for fengsel eller forvaring.

– Om me tar feil, så er det mange som tar feil. Men eg skal vera einig i at det har vore tvil i saka, sa Larsen då Borgersen viste til at ein overlege har vurdert det slik at 18-åringen var psykotisk – og ikkje psykotisk på grunn av rus – på drapstidspunktet.

Både Larsen og Tungland meiner denne konklusjonen er feil.

Har reagert på manglande empati

Dommar Lode hadde mange spørsmål til dei sakkunnige, og dagen i retten var ikkje ferdig før klokka 16.40. Dommaren lurte mellom anna på om dei to ekspertane har inntrykk av at 18-åringen forstod kva han gjorde då han drap den 13 år gamle jenta.

– Eg har inntrykk av han forstod kva han gjorde, sa Tungland.

Då dommaren følgde opp med å spørja om tenåringen forstod at det var gale å drepa eit menneske, kommenterte Larsen at han reagerte på kor lite empatisk drapsmannen er når dette temaet kjem opp.

– Han har sagt, ganske kaldt, at han drap jenta fordi han ville vekk, sa Larsen.

Tungland poengterte òg mangelen på empati.

– I vårt arbeid møter me mange med mangel på empati, men tiltalte i denne saka utmerker seg her, påpeika han.

Forvaring, fengsel eller sjukehus?

Måndag ettermiddag ville aktor ikkje røpa noko om kva ho skal seia i prosedyren sin, sjølv om fleire av spørsmåla hennar måndag vart oppfatta som tydelege hint om at påstand om forvaring er høgaktuelt. Nina Grande er uansett tydeleg på at ho meiner det er viktig å beskytta samfunnet mot 18-åringen frå Varhaug.

– Når du ser på handlinga i tiltalen, som er ei stygg handling utan eit klart motiv, er det vår oppgåve å forhindra at slike ting skjer igjen, seier Grande til Jærbladet.

Tor Inge Borgersen set si lit til at dommaren legg vekt på at det er eit element av tvil i spørsmålet om rus og psykose.

– Og det gjeld andre beviskrav i straffesaker enn i vurderingane til dei sakkunnige. Dommaren må bruka bevisbyrdereglane i straffelova, minner han om.

– Vil du be om helsebehandling framfor fengsel?

– Om min klient blir frikjend, vil me ikkje ha nokon merknader til at han blir overført til tvungent psykiatrisk helsevern, seier Borgersen.

Måndag hadde aktor òg tenkt å spela av to filmar som tiltalte har sett på nettet. Dette vart det ikkje tid til, så desse filmane vil bli viste tysdag – før aktor, forsvarar og bistandsadvokat skal halda sine avsluttande prosedyrar.

Artikkeltags