Dette skjer i retten i dag

JÆREN TINGRETT: Det er sett av ni dagar til rettssaka etter Varhaug-drapet.

JÆREN TINGRETT: Det er sett av ni dagar til rettssaka etter Varhaug-drapet. Foto:

Slik blir dag 9 i Jæren tingrett.

DEL

Onsdag 15. mai klokka 09.00 starta rettssaka etter Varhaug-drapet. Det er sett av ni dagar til saka, fordelt over fire veker. Etter planen blir siste dag i retten tysdag 4. juni.

  • Onsdag 15. mai starta med at tiltalebeslutninga vart lesen opp. Så blei den tiltalte spurt om han erkjenner straffeskuld for dei enkelte punkta i tiltalebeslutninga. Der kom det fram at den tiltalte 18-åringen erkjenner å ha drepe Sunniva Ødegård, men nektar straffskuld fordi han meiner han var psykotisk.
  • Aktor Nina Grande innleia så med sitt føredrag, før tiltalte starta på si forklaring. Han sa mellom anna at han gjekk ut for å drepa nokon, men at han angrar på at han drap 13 år gamle Sunniva Ødegård.
  • Torsdag 16. mai forklarte 18-åringen seg vidare. Då kom det mellom anna fram at han hadde søkt på nettet etter korleis han kunne drepa.
  • Måndag 20. mai var det mellom anna fokus på funn av avdøde. Fleire politifolk kjempa mot tårene då dei fortalde om funnet. I tillegg vitna faren og onkelen til den drapstiltalte 18-åringen, og aktoratet spelte av opptak av avhøyr av to venner av Sunniva Ødegård.
  • Tysdag 21. mai forklarte faren til Sunniva seg i Jæren tingrett. I tillegg fortalde fleire vitne kva dei såg på kvelden 29. juli 2018, og krimteknisk la fram tekniske bevis frå åstaden. Mot slutten av dagen tok tiltalte plass i vitneboksen for å svara på nokre spørsmål. Då sa han mellom anna at det var dårleg samvit som fekk han til å forklara seg om drapet.
  • Onsdag 22. mai var det mellom anna vitneførsel om obduksjon, DNA-funn og ruspåverking. I tillegg henta aktoratet inn fleire vitne knytt til postane i tiltalen som handlar om falsk forklaring og branntilløp på Varhaug ungdomsskule.
  • Torsdag 23. mai kalla forsvararane inn fleire vitne frå sjukehuset og fengselet, mellom anna ein overlege som sa at tenåringen frå Varhaug har manglande forståing av kor alvorleg eit drap faktisk er.
  • Måndag 27. mai var det mellom anna gjennomgang av internettsøk og digitale spor. Politiet har ikkje gjort nokon funn som viser kommunikasjon eller tilseier ein relasjon mellom tiltalte og Sunniva Ødegård. Det vart smådramatisk etter lunsj, då det kom fram at tiltalte hadde utagert på bakrommet. Ei god stund var det usikkert om saka ville halda fram denne dagen, men etter kvart vart løysinga at 18-åringen fekk følgja resten av vitnemåla via videooverføring til eit anna rom i tinghuset, med medforsvarar Aleksander Barkvåg Steinsvåg og helsepersonell frå Stavanger universitetssjukehus saman med seg.

  • Måndag 3. juni gjekk mesteparten av dagen i retten med til forklaringane frå dei rettsutnemnde sakkunnige, psykiater Tor Ketil Larsen og psykolog Dan Tungland. Dei to ekspertane meiner at det i denne saka mest sannsynleg er snakk om rusutløyst psykose, altså at tiltalte var strafferettsleg tilrekneleg på drapstidspunktet, og at 18-åringen seinare har fått ein primærpsykose i form av schizofreni. Forsvarar Tor Inge Borgersen viste til at det er eit element av tvil i spørsmålet om rus og psykose, og varsla at han ikkje vil protestera om tenåringen frå Varhaug blir frikjend og overført til tvungent psykiatrisk helsevern.

  • I dag skal aktor først visa to videoar. Så blir det avsluttande prosedyrar, der aktor, forsvarar og bistandsavokat oppsummerer saka. Dei går mellom anna gjennom korleis dei meiner bevisa bør bli forstått og kva utfall saka bør få. Tiltalte har rett til å koma med ein sluttkommentar om han ønsker det, før dommaren og dei to meddommarane trekker seg tilbake for å avgjera utfallet av rettssaka. Desse diskusjonane er konfidensielle.

Artikkeltags