– Tiltalte har sagt at han høyrde stemmer i hovudet allereie som 13-åring

UEINIG MED DEI SAKKUNNIGE: Advokat Tor Inge Borgersen meiner 18-åringen ikkje var tilrekneleg på drapstidspunktet.

UEINIG MED DEI SAKKUNNIGE: Advokat Tor Inge Borgersen meiner 18-åringen ikkje var tilrekneleg på drapstidspunktet. Foto:

Medan aktor vil ha forvaring, meiner forsvararen at «vanleg» fengselsstraff eller tvungent psykisk helsevern er det rette.

DEL

Etter at statsadvokat Nina Grande la ned sin påstand om forvaring for den drapstiltalte 18-åringen frå Varhaug, var det bistandsadvokat Harald Øglænd som fekk ordet i Jæren tingrett.

Øglænd meiner tiltalte bør betala 350.000 kroner i oppreisning til kvar av foreldra til Sunniva Ødegård. I tillegg er det fremja krav om økonomisk erstatning på rundt 100.000 kroner for gravferd, medisinsk behandling og inntektstap.

Meiner 18-åringen ikkje var tilrekneleg

Så prosederte forsvarar Tor Inge Borgersen. Borgersen la ikkje skjul på at deler av forklaringa til tiltalte kan verka merkeleg, men minte samtidig om at klienten hans var psykotisk då han drap 13 år gamle Sunniva.

Medan dei sakkunnige og aktor meiner psykosen var rusutløyst, argumenterte forsvarsadvokaten for at det var snakk om såkalla primærpsykose. I så fall var drapsmannen ikkje tilrekneleg på drapstidspunktet.

– Tiltalte har sagt at han høyrde stemmer i hovudet allereie som 13-åring, opplyste advokaten, som meiner dette kan underbygga teorien om at drapsmannen var schizofren allereie på drapstidspunktet – sjølv om han ikkje fekk diagnosen paranoid schizofreni før våren 2019.

Borgersen er òg ueinig i dei sakkunnige sin konklusjon om at psykosen til tiltalte forsvann medan han var til observasjon på Sandviken sjukehus i Bergen hausten 2018.

– Og eg er ueinig med aktor i at omgrepet «overlegg» er til stades, understreka Borgersen, som ikkje kan sjå at drapet på Sunniva Ødegård var planlagt.

Med tanke på alderen til tiltalte og at han har tilstått, anbefaler Borgersen ein fengselsdom på rundt åtte år – om det ikkje blir overføring til tvungent psykisk helsevern. Forsvararen ber om at 18-åringen blir frifunnen for punktet som handlar om falsk anklage, og at han blir dømt på mildaste måte elles.

Ankesak i desember?

Det er tingrettsdommar Gunn Elin Lode og dei to meddommarane i retten som til sjuande og sist avgjer om tiltalte skal dømmast som tilrekneleg eller ikkje. Om dei er i tvil om tiltalte kan ha vore i ein primærpsykose då drapet skjedde – altså ein psykose som ikkje har oppstått på grunn av rus – skal denne tvilen koma tiltalte til gode. I så fall blir det mest sannsynleg snakk om tvungent psykisk helsevern i staden for fengsel eller forvaring.

Dommarane vil truleg koma med dom og straffeutmåling i månadsskiftet juni/juli. Det er allereie sett opp ankesak i Gulating lagmannsrett i desember, sidan det er stor sjanse for at dommen vil bli anka av ein av partane uansett utfall.


Artikkeltags