I sommar arrangerer Varhaug idrettslag eit gratis sommartilbod for born mellom 1. og 3. klasse. Idrettslaget tilbyr sommarskule i fem veker, mandag til torsdag, der 20 born deltar samstundes. Èi veke etter at idrettslaget annonserte at sommarskulen var ein realitet, var plassane fylte opp.

– Det har vore stor etterspørsel, og det viser at det er behov for dette.

Dagleg leiar i Varhaug idrettslag, Jan Christian Vasshus, fortel at idrettslaget skal vere for alle. Difor ynskjer dei å tilby sommarskulen, sjølv om dei ikkje tener økonomisk på han sjølv.

– Det er ufatteleg gildt å kunne gi dette til bygda og dei som melder seg på frå andre bygder, seier han.

I fjor hadde Varhaug IL eit liknande to-vekers tilbod for dei som er interesserte i e-sport, finansiert av bidragsytarar gjennom kommunen. Når kommunen ikkje kunne tilby dette i år, søkte idrettslaget sjølv om midler frå stiftningar til gratistilbodet.

Mira Midttun og Maria Varhaug er blant deltakarane denne veka. Dei verkar fornøgd med programmet til no.

– Eg synest det var gildt med dans i dag, seier Varhaug.

– Eg hadde to favoritt-ting i år; frileik og turn. Og eg likte også zumba ganske godt, og så fekk vi is, smiler Midttun.

Ekteparet Sylvia og Theodor Kristoffersen-Hellwig er tilsett som ledarar i sommarskulen for borna, og er begge med som instruktørar i idrettslaget til vanleg.

Saman har dei utforma programmet for sommarskulen, og fortel at dei ynskjer å inkludere eit breitt spekter av aktivitetar, gjerne som borna ikkje gjer til vanleg. På tapetet står mellom anna danseimprovisasjon, dramaleiker, frileik, ballaktivitetar og turn.

– Vi prøver mykje nytt, og har også ein turdag på torsdag, seier Theodor.

I tillegg til interessa for idrett, kan Sylvia fortele at både ho og ektemannen brenn for musikk, kultur og drama.

– Dette synest vi er kult å dra inn i sommarskulen, i tillegg til idrett. Då blir det mykje variasjon.