Far (55) og son (15) skadde etter å køyrt av vegen med motorsykkel

Begge var vakne på politiet kom fram til ulukkesstaden i Hå, laurdag føremiddag.

DEL

Like etter klokka 11, laurdag føremiddag, fekk politiet melding om at ein motorsykkel med to personar på, var køyrt av vegen ved krysset mellom Rv. 44) og Varhaugvegen.

Naudetatane rykka ut til staden, og vart møtt av to utanlandske personar med brot- og kuttskadar. Personane var far (55) og son (15).

Dei vart henta med vanleg ambulanse og luftambulanse, og frakta til SUS.

Opprettar sak

– Per nå er området rydda og vegen opna. Politiet opprettar sak på forholdet, seier Toralv Skårland, operasjonsleiar ved Operasjonssentral Sør-vest, tidleg laurdag ettermiddag.

Politiet kjenner ikkje bakgrunnen for kva som er skjedd, og kjem til å oppretta sak. Det er ikkje mistanke om rus.

Politiet har snakka med vitne som såg ulukka. Politiet håper å få greie på kva som er skjedd når dei får talt med dei to som var involverte i ulukka.

Artikkeltags