Signalproblema langs Jærbanen er retta. Men reisande må framleis rekna med forseinkingar

VANSKAR MED SIGNALANLEGGET: Måndag har toga kjørt med redusert fart på Jærbanen. Årsaka er feil i signalanlegget.

VANSKAR MED SIGNALANLEGGET: Måndag har toga kjørt med redusert fart på Jærbanen. Årsaka er feil i signalanlegget. Foto:

Ein signalfeil mellom Hellvik og Ogna førte til at toga langs Jærbanen kjørte med redusert fart.

DEL

Feilen oppstod klokka 04.55 måndag morgon, og det tok fleire timar før feilen blei funnen og retta opp.

Det har vore store forseinkingar på fleire av toga, nokre opp mot meir enn 50 minutt. Det er også avgangar som er innstilte.

Det blei opp alternativ transport for avgangar som var innstilte.

Artikkeltags