Bil køyrde av vegen på Sele

Laurdag føremiddag hamna ein personbil utanfor vegen ved Sele.

DEL

Politiet fekk klokka 11.41 melding om eit trafikkuhell på Selevegen/Solavegen. Ein personbil var hamna utanfor vegen, og snudd rundt.

Naudetatane rykka ut til staden. Det blir ikkje meldt om personskadar.

– Me behandlar dette som eit reint uhell, seier Toralv Skårland, operasjonsleiar ved Operasjonssentral Sør-vest.

Uhellet har skjedd i låg fart, og airbagen vart ikkje utløyst.

Det er ikkje gjort førarkortbeslag.

Det blir oppretta sak med heimel i vegtrafikkloven § 3, som stiller krav til bilførarar om å «ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom»

UHELDIG: Føraren har ikkje fått beslaglagt førarkortet, men det blir oppretta sak.

UHELDIG: Føraren har ikkje fått beslaglagt førarkortet, men det blir oppretta sak. Foto:

Artikkeltags