Bilføraren stakk av – funnen av politiet ei halv mil frå ulukkesstaden

I AUTOVERNET: Bilføraren stakk av etter kollisjonen, og fekk politiet i hælane.

I AUTOVERNET: Bilføraren stakk av etter kollisjonen, og fekk politiet i hælane. Foto:

Kraftig kollisjon då mann køyrde i autovernet. Han vart funnen halvannan time etter kollisjonen, 5 kilometer frå ulukkesstaden på Netland.

DEL

I laurdagens tredje trafikkhending på Jæren, hamna ein personbil i autovernet ved Netland i Time. Laurdag føremiddag hamna ein motorsykkel utanfor vegen i Hå, og like etter køyrde ein bil av vegen i Klepp.

Politiet fekk melding om trafikkulukka klokka 18.58. Forholdet vart ikkje kringkasta på Twitter fordi politiet arbeidde aktivt for å få tak i bileigaren, som truleg også var føraren av den krasja bilen, ein svart Peugeout.

– Så vidt me veit, har det vore éin person ombord i denne bilen, som er køyrt inn i autovernet, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Victor Fenne-Jensen.

Bilberging er bestilt.

Stakk av til fots

Eit vitne melde frå til politiet, som opplevde at føraren stakk av.

Klokka 20.20 seier Jensen at ein mann i 40-åra er stoppa 500 meter frå ulukkestaden, i retning Bryne, som politiet går ut frå at er føraren av bilen.

Kollisjonen blir karakterisert som kraftig. Mannen blir kontrollert, og sendt vidare til legevakt.

Politiet opprettar sak. Fenne-Jensen kan ikkje seia om det er mistanke om køyring i berusa tilstand.

PS!

I ein tidlegare versjon av saka vart det opplyst at trafikkulukka skjedde på Njå. Ein lokal innsendar har påpeika at det rette stadnamnet er Netland.

Artikkeltags