Vegard er ikkje mannens eigentlege namn. På grunn av hans situasjon har me valt å anonymisera han.

Vegard var guten som hevda seg i idretten sin og elska å driva med musikk. Nå bur han i ein omsorgsbustad med døgnbemanning og får medisinen levert på døra.

– Eg føler at eg blir sett litt ned på. Ein blir uglesett i eit lokalsamfunn når ein gjer innbrot. Det råkar jo så mange. Og eg forstår det òg. Eg gjer det, seier han.

Mellom to stolar

Vegard har mange facebookprofilar. Frå eitt av profilbileta smiler ein ung mann. Han har solbriller og bar overkropp.

2021-utgåva av Vegard har passert 40. Han har framleis lidenskapen for musikk, men har lagt idretten på hylla for mange år sidan. Vegard er ein del av ein statistikk som ingen veit heilt korleis dei skal gripa fatt.

Han hamnar mellom dei to stolane rettsvesenet og helsevesenet kan vera. Vegard er strafferettsleg utilrekneleg.

Når døra blir låst bak han i arresten, kjem reaksjonane han ikkje kan styra sjølv. Veggane kryp nærmare, sansane blir sterkare. Han ser og høyrer ting som ikkje finst.

Kva skjedde eigentleg med Vegard?

– Ein normal gut

Mora har nokre svar, men ikkje alle.

– Han var ein heilt normal gut.

Han var aktiv både heime og i idrettslaget og han spelte i band.

I Jærbladet sitt arkiv finst fleire notisar og saker der Vegard sitt namn er nemnt, som ein av dei beste i konkurransar i sin idrett. Vegard var god – veldig god.

Men den store lidenskapen – det var musikken. Han hugsar framleis den gode kjensla det var å stå i øvingslokalet midt i lyden, midt i kameratgjengen, omgitt av musikken.

– Eg trur det er viktig for andre å vita at det er heilt vanlege ungar som kjem opp i dette, seier mora.

«Vegard» tenestegjorde i Hans Majestet Kongens Garde i åtte månadar.

Det var i denne perioden han vart psykotisk for fyrste gong.

Endringa

Som 18-åring stod militæret for tur.

I åtte månader tenestegjorde unge Vegard i Hans Majestet Kongens Garde. Gitar og trening vart bytta ut med stram uniform og vakt utanfor slottet. Det var lange dagar og harde vakter.

På gangen står eit bilete av ungguten i kongens klede. Det er ikkje så lett å plukka han ut. Han er ein i mengda – akkurat som dei andre uniformskledde. Vegard opplevde militærtenesta som tøff. Det var også i denne perioden han vart psykotisk for fyrste gong.

Sjølv om mykje av minnet er uklart, er det likevel ein episode som står klart fram:

Han har avslutta vakta si framfor slottet og går nedover ei Oslo-gate. Over hovudet høyrer han lyden av eit fly. Kort tid etter kolliderer flyet i ein bygning. Like ved fyk eit kumlokk i vêret. Flammane står himmelhøgt.

Han er forvirra. Forstår ikkje kva som skjer.

Han forstår ikkje at han hallusinerer.

Ein månad før Vegard skulle vore ferdig med verneplikta, vart militærtenesta avbroten.

Eg er ein vanvitig dårleg tjuv. Eg blir alltid tatt. 

Vegard

Tvangsinnlagt

Han hugsar han kom heim frå militæret og følte han måtte ha våpen for å beskytta seg. Det fekk dei rundt til å reagera. Han hugsar også dei små romma på Dale sjukehus – dei med lås på utsida, pinnen som var kilt under døra. Mora hugsar reimene som haldt guten hennar på plass i senga, den sterke medisinen. Ein ung mann som ikkje var til å kjenna igjen.

– Personalet gjorde det for å minska inntrykka – for å gjera det lettare å klarna hjernen.

Men den sterke medisineringa hadde sin pris.

– Eg måtte matast med graut av mor mi. Eg sat bare og sikla.

Tida som tvangsinnlagt på Dale er noko uskarp i minnet, men ein ting hugsar han godt.

– Eg stakk av og gjekk på pub.

Smilet blir breitt igjen. Akkurat korleis han kom seg ut er noko uklart.

– Vakthaldet var ganske strengt, men eg kom rett frå militæret og var godt trent. Det var nok ikkje lett å stoppa meg.

Dale sjukehus var eit psykiatrisk sjukehus på Dale i Sandnes kommune. Fylkestinget vedtok å leggja ned sjukehuset i 1980, men fyrst i 2001 vart Dale stengt som psykiatrisk sjukehus. Fram til 2004 hadde Sentralsjukehuset i Rogaland framleis ei avdeling her for rusrelatert psykiatri.

Den altoppslukande rusen

Den fyrste innlegginga på psykiatrisk avdeling på Dale varte rundt eitt år. Det tok likevel fleire år før Vegard følte at han kom seg skikkeleg til hektene igjen. Men han gjorde det – for ein periode. Det var i denne perioden han gifta seg.

– Den tida der var eg ikkje innlagt på psykiatrisk på lang tid. Er du to, så har du alltid nokon å snakka med. Ein person som ikkje får snakka med nokon, stagnerer – blir ein raring.

Han tenner seg ein røyk og tek nokre djupe drag. Ekteskapet vart ikkje av sorten som feirar sølv- og gull. Etter nokre få år var det over.

Vegard klarer ikkje setja fingeren på akkurat når i livet alkoholen tok over. Han har alltid vore glad i ta seg ein fest. Men festane vart tettare og lengre.

– Eg følte eg alltid måtte ha 20 halvliterar i kjøleskapet.

Åra går. Han har gode periodar. Han har dårlege periodar. Dei 20 halvliterane i kjøleskapet blir byta ut med kvitt pulver. Han føler amfetaminen gjer han godt. Graset blir grønare, himmelen blåare og hjernen klarare. I gode periodar har han litt jobb. Han har eigen leilegheit og føler at livet ikkje er så aller verst.

Men andre ser ein annan Vegard. Ein sjuk Vegard. Han blir tvangsinnlagt. Å koma heim igjen blir ei vond oppleving.

– Leilegheita var heilt ramponert, fortel han.

Han veit ikkje kven som stod bak. Det kan fort vera nokon han kjenner. Når suget etter rus blir stort nok og lommeboka er tom, blir vennskap og lojalitet lagt til side. Det er ikkje alltid forskjell på å stela frå ein venn eller ein uvenn.

Han måtte begynna heilt på nytt og vegen vart meir og meir humpete. Han fortel om utrygge hospits, grove truslar, tjuveri, frykt og livstrugande vald.

Runddansen

Mora er heilt bestemt på at Vegard si lange ruskarriere starta på grunn av at han vart psykisk sjuk.

– Det var mykje tablettar. Eg trur det gjeld mange, at problema botnar i psykisk sjukdom. Mange bruker gjerne alkohol, men får mykje angst. For å dempa angsten får dei medisin. Av medisinen får dei skjelvingar og amfetamin roar dei ned. Til slutt styrer avhengigheita livet, seier ho.

Av og til får ho spørsmålet: Kvifor kan han ikkje bare slutta?

– Det er ikkje så enkelt. Og viss dei som er rusavhengige er klare for behandling, så tek det så lang tid at det blir for seint. Lange ventetider øydelegg mykje, trur mora.

Blir psykotisk av å bli låst inne

I dag er Vegard avhengig av narkotika. Han har ein kronisk psykisk sjukdom og går fast på psykosedempande medisin.

– Eg er soningsudyktig. Eg blir psykotisk av å bli låst inne. Eg toler det ikkje. Ein gong eg var i arresten, var eg sikker på at eg hadde vore der i 21 år. Sånn kjendest det.

Mannen i 40-åra lener seg tilbake i sofaen. Leilegheita til Vegard er lita, men innhaldsrik. På bordet står ein mikrofon med eit lite lys.

– Når det lyser grønt tenker eg at politiet passar på, at eg blir overvaka.

Han ler litt av eigne tankar, men sporar fort over til verkelegheita. Inntil den eine veggen i den vesle stova står eit stereoanlegg av den overdimensjonerte sorten. Dei solide høgtalarane er så tunge at dei er vanskelege å flytta på. Dessutan var dei billege.

Det hender han set på noko skikkeleg høgt – rock frå 80- og 90-talet. Dei gode, gamle heltane må spelast med så mykje volum at musikken fyller rommet. Guns N’ Roses, Metallica, Nirvana.

– Eg liker å liggja på sofaen og spela skikkeleg høgt, kjenna at bassen dunkar i brystet.

Mykje av det elektroniske utstyret han har, har han fiksa på sjølv, anten det er den ekstra pc-en som må liggja flatt for å verka, vifta ein ikkje må gå for nær eller forsterkaren han bytta til seg. Planen var å bli elektrikar, men etter at det andre forsøket på å fullføra elektrolinja mislukkast, gav han opp.

Det han fekk med seg av kunnskap sit framleis såpass i fingrane at han klarer få lyd i eit stereoanlegg andre ikkje har sett syn på. Men det aller viktigaste er vekta. For Vegard er det viktig at ting han ønskjer å behalda er store og tunge.

– Eg må ha noko som er vanskeleg å stela.

Han dreg på smilebandet, men tullar ikkje.

Mora har stått ved sonen si side heile livet. Ho fortel om ein lang kamp.

Eg skulle ønska at systemet hadde vore meir ope. Du blir møtt av teieplikt over alt. Er dei over 18 år, blir det stille. Eg trur mange heimar gir opp.

Mor til «Vegard»

Den andre sida

Men oppi alt dette Vegard har opplevd, finst det ei anna side. Vegard har sjølv vore ein som har skapt frykt. Ein som har stått bak fleire innbrot. Ein som har gjort andre utrygge.

– Nasking, tjuveri, grovt tjuveri, hærverk.

Han ramsar opp noko av det han har på samvitet.

– Det er rett og slett bare tåpeleg å gjera innbrot. Men alt skjer på grunn av at du er avhengig av noko. Du blir rett og slett desperat etter å få tak i pengar til slutt. Eg prøver å halda meg og ikkje la stoffsuget styra så vanvitig. Eg kan ikkje fatta at eg har gjort dei innbrota eg har gjort. Eg er eigentleg ikkje sånn.

Han ristar på hovudet.

– Eg er ein vanvitig dårleg tjuv. Eg har blitt tatt for alt eg har gjort og meir til. Nokre gonger har eg ikkje klart å få fram skikkeleg at eg ikkje har gjort det eg er mistenkt for, forklarer han og legg til at han blir meir ukritisk til eigne handlingar når psykosen held på å festa grepet.

– Du kan ha augeblikk, kanskje ein dag eller to, der du er heilt frisk igjen, og så dett du tilbake igjen i psykosen. Sansar kan endra seg og du opplever ting heilt annleis enn dei er i det verkelege liv. Du trur gjerne at andre vil deg vondt, seier han.

Me må ikkje gløyma at det er nokon som eig desse og. Dei er jo menneske sjølv om dei brukar stoff.

Mor til Vegard

Frå mor til vitne

Som mor til ein vaksen narkoman føler mor til Vegard seg degradert til eit vitne. Ho har måtta kjempa for å få informasjon og sett sonen forsvinna inn i rusen – endra seg.

– Eg skulle ønska at systemet hadde vore meir ope. Du blir møtt av teieplikt over alt. Er dei over 18 år, blir det stille. Eg trur mange heimar gir opp, seier ho.

Ho får til stadig høyra at ho er sterk, men ho kjenner ikkje til noko anna. «Ei mor gir ikkje opp son sin», er mantraet som har følgt henne frå perioden då alt begynte å gå feil veg.

– Me må ikkje gløyma at det er nokon som eig desse og. Dei er jo menneske sjølv om dei brukar stoff.

Tryggare

At han i dag bur i ein bustad med døgnbemanning, tykkjer både han og mora er trygt. Bebuarane får mat servert og det er alltid nokon like ved som kan hjelpa.

– Som mor føler eg at han har det tryggare nå og at det er ein grei plass å koma på besøk til. Dei som jobbar der er veldig gode mot bebuarane, seier ho.

Likevel er det litt sårt å vita at hennar son er ein av dei som hamnar mellom stolane – ein av dei som ingen nabolag vil ha.

– Ingen vil ha dei, men kor skal dei vera? Me kan ikkje setja dei i eit fjos med klave og behandla dei som dyr. Me må ikkje gløyma at desse er blant dei svakaste i samfunnet, seier ho.

Eg veit ikkje om eg lever om ti år.

Vegard

Framtida

I dag går Vegard på medisin for å ikkje bli psykotisk.

– Det hender at eg er så sliten av rusen at eg tenkjer eg skulle lagt meg inn frivillig. Men då veit eg aldri kor lenge det blir. Det kan fort bli tre månadar innlagt, og tre månadar utan rus - det er ganske ille for meg.

Han tek ein liten pause. Forklarer at det er frykteleg slitsamt å vera avhengig av rus. Samtidig ser han ikkje føre seg at han nokon gong skal klara å slutta.

– Abstinensane vil vara livet ut. Og eg skal også vera så ærleg å seia at det er vanskeleg å slutta med noko som er godt, seier han.

For Vegard er det vanskeleg å tenkja på framtida.

– Eg veit ikkje om eg lever om ti år. Men eg håpar at eg kanskje kan få ein annan plass å bu, seier han.

Draumen er ein bustad i andre eller tredje etasje. Då er sjansen mindre for at det plutseleg står nokon rett utanfor inngangsdøra. Vegard har blitt banka opp og utsett for grov vald. Frykta for at dette skal skje igjen, ligg alltid i bakhovudet.

– Kanskje hadde eg også klart å trappa ned på amfetaminen då. Kanskje kan det bli litt lysare tider for meg.

Når alt kjem til alt, har Vegard bare eitt ønske:

– Eg vil bare at folk skal møta meg som ein vanleg person, det er ikkje meir eg ønskjer.