Enormt med billig vasskraft og låge straumprisar har vore ein norsk områdefordel frå første del av 1900-talet. Men etter at vindmøllene kom, blei eletrisk kraft dyrare. Krig og lite nedbør i sommar medførde ekstra høg pris.

Kraftige straumkablar til utlandet, dårlege avtalar, samt aukande behov innenlands gir alt i alt uakseptabel høg kraftpris.

Også etter store nedbørsmengder i haust er elektrisk kraft uakseptabel dyr.

Gjev verkeleg grunnlova vår høve til å eksportere bort ein så viktig norsk naturgitt områdefordel (billig vasskraft og låge straumprisar)?

Våre områdeulemper gjeld klima, topografi, lågt folketal og spreidd busetnad som alt i alt gir dyrare varer og tenester i høve til utlandet.

Både næringsliv, organisasjonar og oss alle treng difor områdefordelen billig kraft. Stabilitet og forutsigbarhet er viktig for oss alle, men særleg for næringslivet! Høge kraftprisar er inflasjonsdrivande og er medverkande til høgare prisar og høgt rentenivå.

Havvind

1500 vindturbinar langs kysten vår, er for meg skræmande. - Så stor mengd dyre turbinar frykter eg vil gi oss permanent for høge kraftprisar. Turbinane vil og vere skjemmande for kysten vår endå om dei fleste ikkje er synlege frå land. Eg frykter problem knytta til fiskeriinteresser, skipsfart, naturkrefter, sabotasjerisiko med meir. Og kva skjer ein vindstille, kald vinterdag?

Bygging av 1500 havvind-turbinar med nødvendige kablar krev store ressursar, også en del ufornybare. Dessuten dyrt vedlikehald.

Men elektrifisering av plattformar med relativt få turbinar kan vere klok investering. Gasskraft og batteri som suplering og til nødsbruk. (landstraum bør ikkje nyttast) Norsk kompetanse medfører at havvindprosjekt er aktuell eksportvare. - Land som ønskjer vindkraft bør bruke eige territorium (land og hav) til føremålet!

Kjernekraft

Me lever i «atomalderen» (frå 1945) anten me vil det eller ei. Kvar dag er det risiko for radioaktivt avfall, særleg så lenge krigen i Ukrania pågår. Kanskje vil straum frå norsk kjernekraft auke vår evne til å takle kjernefysisk katastrofe/krig på kloden vår?

Kjernekraft kan kanskje produserast til ned mot 30 øre pr. Kwh. Produksjon er uten CO2-utslepp. Dersom norsk thorium kan nyttast utan for store kostnader, har me ein enorm norsk ressurs. Kanskje vil kjernekraft i framtida nyttast i staden for fossilt brensel. Equinor bør vere ein viktig aktør både når det gjeld forskning og eventuelt utbygging av kjernekraft. Staten eig ca 2/3 av aksjene slik at Equinor og NVE bør vere viktige reiskap for å få stabile og låge kraftprisar i landet vårt.

Eletrisk kraft er viktig for «det grøne skiftet» og behovet vil nå auke enormt!

Konklusjon

Dei styrande bør vurdere:

1. Politisk kontroll over straumprisane.

2. «Tak» på til dømes 40 øre pr. Kwh. - Dette vil og medføre liten interesse for å byggje dyre og skjemmande vindmøller («krig mot naturen»).

3. Bør kunne strupe utenlandskablane etter behov.

4. Reforhandle eller seie opp avtaler med Europa som hindrer norsk kontroll og låge straumprisar.

5. Fleire kraftoverføringskablar mellom Sør- Midt- og Nord-Norge.

6. Dersom det likevel oppstår mangel (til tross for også eksisterande og aukande fornybar kraft) bør det suplerast med gasskraft, seinare truleg med kjernekraft.

Billig vasskraft, annan fornybar kraft og kjernekraft bør då tilsaman gi oss tilbake områdefordelen billig norsk elektrisitet!