Politiet: – Glatt vegbane, kjør forsiktig

Det er meldt om mange glatte vegar i distriktet.

DEL

Politiet fekk melding frå ein bilførar i Opstadvegen på Nærbø, at det var svært glatt vegbane. Bilføraren hadde observert småuhell utan personskadar.

I morgontimane tysdag er det glatt mange stadar på Jæren.

Politiet oppfordrar alle til å kjøra forsiktig.

Vegtrafikksentralen er varsla og vil senda entreprenør for å strø.

Artikkeltags