– Viss eg ikkje forstår arbeidsplanen i Classroom, spør eg bare mamma

Vanlegvis når ho løyser matteoppgåver på føremiddagen, har Olivia (10) klassekameratane sine rundt seg. Nå har ho litlesøster Sofia på sida av seg og storesøster Emma på motsett side av stovebordet. Og mor er innan rekkevidde på bordenden.